Hille – øya lengst ute i havgapet

Ein unik stad for ro og stillheit

Eit eksklusivt opphald på di eiga øy

Øya ligg med havet i vest og Sognefjorden i nord, ca 2 timer fra Bergen. Her finn du ro, stillheit og natur på sitt mest storslåtte, langt unna kvardagen.

Midt i det opne landskapet, omgitt av hav, små øyer og med utsikt mot majestetiske Sognefjorden, ligg det arkitektteikna huset – perfekt plassert for å gi deg ei heilt unik og skjerma oppleving. På øya bur barre to fastbuande som driv ein sjarmerande gard med sauer, hester og høner, noko som gir staden eit levande , men fredfullt preg.

Vakne til lyset fra horisonten og nyt morgonkaffien i senga medan du ser ut over havet og Sognefjorden. Når kvelda kjem, kan du senke deg ned i den private jacuzzien, og oppleva solnedgangen i all si prakt. Kanske har du gått en tur på den vakre øya tidigere på dagen. Eller kanske sjunka ned i den goda soffan och njuta en knittrande peis när vind, regn och snø vintertid piskar mot vinduerna.

Du kan bestille heimelaga måltid frå Eva , eller ta med og laga dine eigne rettar på det velutstyrte kjøkkenet. Eit nøye utval av drikke finnes at kjøpe på plass-frå champagne og vin til norsk sider med meir- alt for å løfte opplevinga.

Hille Island Retreat er skapt for deg som søker avslapping, nærleik til naturen og romantikk i ei helt unik ramme.

Se fler bilder i galleriet.

Stillheit og luksuriøs komfort

Huset er triveleg innreidd i moderne nordisk stil, med store vindauge og utsikt i alle retningar.

Soverommet ligg i andre etasje, medan det i første etasje er ei romsleg stove med peis, spisebord, fullt utstyrt kjøken og bad.

Nyt utsikta frå den varme jacuzzien i solnedgangen – eller kanskje frå lenestolen ute med eit saueskinn, eller frå sofaen inne framfor den knitrande peisen.

Her er det plass til opptil seks personar.

Sjå fleire bilete i galleriet.

Kort og enkel veg til Hille

Trass i at Hille er ei øy utan vegsamband, kan de kome hit på under to timar med ekspressbåt frå Bergen.

Med bil og lokalbåt frå Bergen tek turen om lag 2,5 timar. Frå Førde tek det om lag 3 timar med bil og lokalbåt. Frå Bergen lufthamn tek det om lag 2,5 timar med bil og lokalbåt.

Vi hjelper gjerne med nøyaktig vegskildring før ankomst, uansett kvar de kjem frå.

Sjå fleire bilete i galleriet.

De vel servicenivået sjølve!

De kan bestille alle måltid, eller berre dei måltida de ønskjer. Menyen består i stor grad av lokalprodusert mat. Menyen finn de her >>>

Ønskjer de å lage maten sjølve? Kjøkenet er godt utstyrt for det. Kjøleskap, frysar, koketopp, mikrobølgjeomn, kaffitraktar, servise, panner og glas er tilgjengelege.

Noko godt å drikke? Vi har eit utval av fantastiske vinar, verdas beste Hardanger-sider, øl og mineralvatn i kjøleskapet.

Alt nødvendig servise er tilgjengeleg. Sjølvsagt er det innlagt både kaldt og varmt rennande vatn på kjøkenet og badet. På badet finn de alt de treng, bortsett frå tannbørste. Handkle, dusjsåpe, sjampo, balsam, body lotion og tannkrem – alt er på plass.

På Hille møter vi dykk på kaia og følgjer dykk til glampingen.
Vi ventar på dykk og køyrer dykk opp til glampingen, så det er ikkje mange metrane å gå.

Velkomne!
Vi er glade for å ha dykk som gjester!
Svein og Eva

Ta med den du er glad i på ei romantisk og minnerik oppleving i vakre omgjevnader

Vi gler oss til å ta imot dykk på Hille!

Kontakt oss

Du kan kontakte oss på telefon, e-post eller via Facebook-sida vår.

hillesau@outlook.com
907 72 941

Hille 5,
5978 Mjømma

Lurer de på noko? Still oss eit spørsmål eller send ei melding via skjemaet nedanfor.